GRIPANDE HISTORIER OG STERKE STEMMER
06. august 07

”Gripande historier og sterke stemmer” er overskrifta for årets musikkfest i Gloppen. På programmet står åtte konsertar – og opningskonserten er via til markering av Grieg-året. Her framfører Det Norske Solistkor – eitt av Grieg Force-ensembla – Griegs ”4 salmer”, samt eit eit nytt verk av Ola Gjeilo. ”Det som kjenneteiknar årets artistar er at dei har noko på hjartet; dei har noko dei vil seie – eller syngje” skriv  festivalsjef Are Frode Søholt i programomtalen.

Av Ida Habbestad

- Musikk-Huset Forlag har bestilt verket av Gjeilo, og dirigenten i solistkoret, Grete Pedersen, foreslo å urframføra verket under Gloppen Musikkfest, fortel festivalsjef Are Frode Søholt om det nye verket som vert urframført torsdag.

Søholt er til dagleg prosjektkoordinator i Grieg 07, og er dermed godt kjend med Grieg 07 sin ambisjon om ikkje berre å vidareføra Grieg-arva, men òg å sidestilla den med nyare uttrykk. At det i utgangspunktet ikkje er nokon direkte musikalsk linje mellom Gjeilo og Grieg, er ikkje til hinder, meiner Søholt:

- Gjeilo er kanskje ikkje så influert av Griegs musikk, men etter at eg fortalde om Grieg 07 sin tredelte profil - Humanisten, Komponisten og Samplaren Grieg - vart han særleg inspirert av Humanisten Grieg. Ola Gjeilo viser eit samfunnsmessig engasjement i sitt virke, seier Søholt.

Dømevis held han fram tekstvalet Gjeilo har gjort. I verket nyttar han diktet ”Reconciliation” av Walt Whitman. Søholt gjengjev diktet - som har fått tittelen "Forsoning” - i Knut Narvesen si omsetjing:

Ord over alle, vakkert som himmelen,
Ord som sier at krig og alle dens blodsdåder må bli helt borte en gang.
At Døden og Natten, de to søstrene, ustanselig vasker, igjen og igjen
denne tilskitnede verdenen med sine myke hender;
For min fiende er død, en mann guddommelig som meg selv er død,
Jeg ser ham ligge i kisten, stille, med hvitt ansikt – jeg går frem til ham,
Bøyer meg ned og rører det hvite ansiktet i kisten lett med leppene.


Stemma som utgangspunkt

Med dette er ein altså inne i det som er tema for Gloppen musikkfest dette året.

”Vi har invitert musikarar og songarar som bruker stemma for å uttrykke noko som både er vakkert – men også noko som kanskje stikk djupare enn det vakre. Menneska har behov for – og rett – til å uttrykkje seg, og stemma er her eit instrument. Det som kjenneteiknar årets artistar er at dei har noko på hjartet; dei har noko dei vil seie – eller syngje” skriv Søholt i programomtalen.

Søholt utdjupar:

- Utgangspunktet for temaet har rett og slett ein praktisk årsak. Vi mangler eit godt konsertflygel på Sandane – musikkterapistudiet eigde det einaste brukande flygelet, og dei flytta i fjor frå Sandane til Bergen. I påvente av instrumentet som kjem i det nye kulturhuset neste år, måtte vi lage ein festival utan piano. Difor tenkte eg kor, forklarer han.

- Dessutan hadde eg ein avtale med songaren og dirigenten Peter Schreier om å lage eit meisterkurs om solistpartia frå Johannespasjonen. Det la grunnlaget for ein festival som ville ha eit vokalt preg. Dessutan har eg lenge ønskt å invitere Unni Løvlid, som jo kjem frå Nordfjord, og har gått på musikklina på Sandane. Ho opptrer både som folkesongar, men også som solist på det fantastiske verket av Schönberg ”Pierrot Lunaire”.

Temaet vert òg reflektert gjennom dei andre konsertane under festivalen. Fredag kveld vert den aller første konserten i flyhangaren på Sandane arrangert. Sandensaren Kjetil Almenning, som studerer kordireksjon i Stockholm, har med seg fire kollegaer frå NMH og Det Norske Solistkor, som framfører fargerike tonemåleri frå 1500-talet. Laurdag framførast barneoperaen “Chip og hunden” av den italienske komponisten Gian Carlo Menotti, og same dag kjem Kristin Asbjørnsen for å halda spiritualskonsert.

Vitnesbyrd og meditasjonar

- Gripande historier og sterke stemmer; på kva måte meiner du dette er tydeleg i markeringa av Grieg?

- Omgrepet "stemmer" har to tydingar, svarer Søholt.

- For det første viser det til det vokale. Og det vokale har hovudfokus under årets festival. Vidare viser det til "å ha noko på hjartet" - eller det å ytre noko.
 
- Og Grieg var ein person som hadde noko på hjartet. Han lagde ikkje berre fine lyriske stykker, men han engasjerte seg i samfunnsspørmsål, ytringsfridom og kamp for fred. Salmane er også eit sterkt vitnesbyrd om ein moden kunstnar som vil seie noko om ei religiøs lengt, eller om livet og døden, om ein vil.
 
- Ein paralell til dette er Kristin Asbjørnsen sine inderlege versjonar av nordamerikanske spirituals, og Bach sitt retoriske og sterke framstilling av Jesu liding og død. Gjeilo sitt verk fell òg naturleg inn her, seier Søholt – som avsluttar med å visa til det Gjeilo sjølv har skrive om verket sitt:
”Mens eg skriv dette er det nokre øydeleggjande krigar i verda, og tilsynelatande uløyselege konfliktar skapar ei kjensle av utrygge og stygge valdshandlingar. Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt, det har følgt menneskja gjennom historia. Nye krigar vil herje dei komande åra, og Walt Whitmans vakre dikt, ”Reconciliation” stiller seg til krig på ein medlidande måte, og viser til det guddommelege hos menneskja og fridomen i tilgjeving og forsoning. Dette stykket er meint å vere ein meditasjon over alle som har omkome og lidd i krigar og i konfliktar.”

Cellisten Audun Sandvik er solist under urframføringa.
Meir informasjon om dei enkelte konsertane finn du her.

Programmet for Gloppen Musikkfest 2007 er som følgjer:

TORSDAG 9. AUGUST // KL. 19.30 // AULAEN, FIRDA VGS
Grieg og Det Norske Solistkor
Dirigent: Grete Pedersen
Cello: Audun Sandvik

FREDAG 10. AUGUST // KL 19.00 // NORDFJORD FOLKEMUSEUM
Pierrot Lunaire med Unni Løvlid
Innleiing ved professor Olav Anton Thommessen

FREDAG 10. AUGUST // KL. 22.00 // FLYHANGAREN PÅ ELVANESET
Flyhangarkonsert
Harald Bakkeby Moe (kontratenor),  Kjetil Almenning (tenor), Oddgeir Kjetilstad (tenor), Halvor Festervoll Melien (baryton), Daniel Oskar Danilesson (bass)
   
LAURDAG 11. AUGUST // KL. 14.00 // AULAEN, FIRDA VGS
Chip og hunden - familieopera
   
LAURDAG 11. AUGUST // KL. 20.00 // BREIM KYRKJE
Kristin Asbjørnsen - Spirituals

LAURDAG 11. AUGUST // KL. 22.00 // HAGETELT, GLOPPEN HOTELL
Stand up Opera!
Opplev festivaldeltakarane i fri dressur i hageteltet til Gloppen hotell! I ein uhøgtidleg atmosfære kan du få høyre kjende ariar medan du hyggar deg med gode vener og gjerne noko godt å drikke!

SØNDAG 12. AUGUST // KL. 18.00 // VEREIDE KYRKJE
Johannespasjonen av Bach med Peter Schreier som dirigent.
Kor med songarar frå Det Norske Solistkor og Griegakademiet, festivalorkester, solistar frå meisterkurs med Peter Schreier.
 
SØNDAG 12. AUGUST // KL. 21.30 // KJELLAREN, GLOPPEN HOTELL
Kammerpub med klaverkvintett
Anders Nilsson (fiolin), Ida Bryhn (bratsj), Audun Sandvik (cello), Kristian Lindberg( piano)


 
 
 
Are Frode Søholt

 
 
Det Norske Solistkor
Foto: C. F. Wesenberg
 
 
Audun Sandvik 
 
Unni Løvlid
 
 
Kjetil Almenning
Foto: Katarina Widell
 
 
Kristin Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen 
  
 
ARKIV:
29.10.07 Musikerne i Bergen Filharmoniske Orkester er klare for en tre uker lang turné til USA. Mellom 2. og 19. november holder de hele 12 konserter langs USAs østkyst.
LES MER

22.10.07 30 lærere og studenter ved Norges musikkhøgskole reiser til Berlin neste uke, for å delta under Treffpunkt Grieg, Deutsch-Norwegische Woche 2007.
LES MER

16.10.07 Sigmund Grovens hyllest til Edvard Grieg utgis snart på plate. Les mer her.
LES MER

10.10.07 "Med denne poetisk-musikalske forestillingen ønsker noen av de beste utøverkreftene fra Norges musikkhøgskole å skape sin visjon om komponistens bevissthetsstrøm i overgangen mellom liv og død", skriver utøverne om sine konserter 21. og 23. oktober. Les mer her.
LES MER

03.10.07 8.-10. oktober kan ein ny kammeropera om Grieg opplevast i Kanonhallen på Løren. I dette intervjuet med Det Norske Blåseensemble kan du lesa meir om operaen og om ensemblets øvrige verksemd.
LES MER

01.10.07 Den russiske journalisten Anna Politkovskaya profilerte seg tidlig gjennom kontroversielle rapporter om menneskerettighetsbrudd utført av russiske tropper i Tsjetsjenia. 7 oktober 2006 ble hun drept i leiligheten sin. Raftohuset, The Human Rights House Network, FIDH og Grieg 07 er enige om at å fremføre Griegs musikk på ettårsdagen for hennes død er en vakker og sterk måte å minnes Politkovskaya, som selv spilte og var glad i denne musikken. Vi oppfordrer alle bidragsytere til å legge sine arrangement inn i kalenderen vår, og til å benytte seg av plakaten som kan lastes ned i denne artikkelen.
LES MER

17.09.07 Søndag 23. september er det klart for Griegselskapets siste markering i Grieg-året. Sammen med Grex Vocalis og Studio Generations AS arrangerer de da "Alle kan synge Grieg" i Oslo Konserthus.
LES MER

Gå til arkiv